Dersom du låner eller leiger ut båtplassen skal du melde dette til styret. Send ein e-post til styret v/ jandahlberg@ymail.com eller kontakt han på mobil 908 37 890.
mai 03
Dersom du låner eller leiger ut båtplassen skal du melde dette til styret. Send ein e-post til styret v/ jandahlberg@ymail.com eller kontakt han på mobil 908 37 890.
apr 12
Her kan du lese referatet frå årsmøte, 26. mars 2015. Referat årsmøtet 2015 signert
apr 06
Årsmøte i Naustdal Båtlag vedtok 26. mars 2015 endringar i lov og hamnereglar. Oppdatert lov og hamnereglar finn du under «Lover» og «Hamnereglar».
mar 07
Styret kallar inn til Årsmøte, torsdag 26. mars kl. 18.00 på Dalen Næringssenter.
Vedlagt følgjer sakliste og saksdokument med styret sine forslag. Rekneskapen vil bli lagt ut så snart den er revidert av revisorane.
Vil du ha med dokumenta på årsmøtet må du sjølv ta utskrift.
Invitasjon og sakliste til årsmøte 26. mars 2015
Sakliste med styret sine framlegg til årsmøte 26. mars 2015
Styret sin årsmelding for 2014
Styret sitt framlegg til endring i lovene
Styret sitt framlegg til endring i Hamnereglane
Styret sitt framlegg Investering- og vedlikehaldsplan 2014-2017
jan 15
Årsmøte for 2014 skal etter § 8 lovene i båtlaget haldast innan utgangen av mars.
Forslag som skal handsamast på årsmøte må vere sendt styret innan 1. februar.
Eventuelle forslag vert å sende Jan Petter Sæbø, e-post jan.petter.sebo@helse-forde.no
nov 28
Ny kontaktperson i båtlaget er: John Bendiksen, mobil 90 96 92 77, eller e-post: j-ol-be@online.no
mai 23
Vi har mange oppgåver som må gjerast på dugnad i båthamna i år. Du kan sjølv velje kva du vil gjere, ta kontakt med Henning Svoen, tlf. 911 76 662 eller Leif Hafstad, tlf. 952 91 945. Sjå dugnadliste under arkfana «DUGNAD»
mar 10
Sakliste
Det er mange viktige saker til årsmøte i år. Blant anna sak om opp gradering/utskifting av det elektriske anlegget. Styret legg fram omfattande endringar i lov og hamnereglar. Vidare legg styret fram forslag om ein auke i medlemskontingenten og årleg avgift for båtplassane. Vi håpar du kjem på årsmøte!
Vedlagt:
Styret sin årsmelding for 2013
Styret sitt framlegg til nye hamnereglar for Naustdal Båtlag 2014
Styret sitt framlegg til nye lover Naustdal Båtlag 2014
Sakliste med styret sine framlegg til årsmøte 31. mars 2014
Styret i Naustdal Båtlag
okt 15
Styret har no kjøpt inn straummålarar som skal nyttast når du har straum tilkobla permanent i båten.
Ta kontakt med hamnesjef John Bendiksen, mobil: 909 69 277, e-post: j-ol-be@online.no, for leige av straummålar.
Du vert fakturert kr 1.000,- for leige av målaren. Beløpet vert betalt attende når du ikkje lengre har
bruk for straummålaren.
Det er no ikkje tillete å nytte permanent landstraum utan straummålar tilkopla. Dette er i samsvar med
vedtak frå siste årsmøte.
Straummålarane vert avleste på våren og forbrukt straum fakturerast saman med dei årlege
innbetalingane til båtlaget.