DUGNAD

Last ned skjema for Registrering av dugnadsarbeid

Plikt til å gjere dugnad

Alle båtplasseigarar er pliktig til å gjere minst 5 timar dugnad i året , jf. § 15 i Lovene for Naustdal Båtlag.

Det vil vere opp til kvart medlem å melde seg på dugnad. Når dugnad er gjort melder ein inn kva som er gjort, tal timar som er brukt og kontonummer til kasserar.

Kvar dugnadstime vert godtgjort med kr. 100. Styret fører oversikt over tal dugnadstimar.
Innmelding må vere gjort før 1. desember.
Utbetaling for dugnadstimar skal vere gjort innan 31.12.

Dugnad planlagd i 2024

    • Vaske treverk
    • Olje treverk
    • Bytte brygger og justere fortøying i vest
    • Korrigere fortøying i aust
    • Montere «antiskli» på nedgang i aust.
    • Fortøyingar mot molo
    • Montere lys på dieselbu
    • Montere lys nedgangsbuer
    • Rydde og køyre vekk boss
    • Rydde krattskog