Utleige straummålar

BRUK AV STRAUM I BÅTHAMNA

Skal du leige straummålar ta kontakt med Styret.

Bruk av straum i båthamna er regulert i Hamnereglane pkt. 10 og pkt. 15.

«Det er ikkje lov å nytte landstraum utan straummålar tilkopla, unntak er tilfeldig og kortvarig bruk når båteigar er til stades i båthamna. All tilknyting til elektriske installasjonar i båthamna skal skje i samsvar NEK 400-7-709 – Marinaer og hamnereglane.

Båtlaget har kjøpt inn straummålarar som skal nyttast når ein har straum tilkopla i båten. Ein må betale eit depositum på kr. 1000,- for leige av målaren. Beløpet vert betalt tilbake når straummålaren vert levert tilbake til båtlaget. Den som leiger straummålar er ansvarleg for å levere den tilbake i god stand. Eventuelle skader må dekkast av leigetakar.

Straummålarane vert lest av på våren og forbrukt straum vert fakturert saman med den årlege innbetalinga til båtlaget».