jun 15

Dugnad laurdag 19. juni

Det vert dugnad i båthamna laurdag 19. juni kl 09.00.
Hovudoppgåva denne dagen vert å få lagt ut nye flytebrygger.
Vi treng derfor å vere ein del folk for å flytte båtar, brygger og utliggarar.
Vi kjem til å måtte flytte alle båtar som ligg på dei fire bryggene som skal byttast, nærmast land i aust. Har du båt her, set vi pris på om du kan vere med på dette.

Straum og vatn vil verte utkopla i austre hamn i samband med utskiftinga.

Har du stor skiftenøkkel, rørtang, vanpumpetang, etc. hadde det vore kjekt om du kunne teke med dette.

Vêrmeldinga lovar opphaldsvêr, so dette kan verte ei kjekk stund.

mai 07

Dugnad 8. mai, kl 10.00.

Som omsnakka på årsmøtet vurderte styret å kalle inn til dugnad førstkommande helg for å få lagt ut nye flytebrygger dersom vi fikk tak i kranbil på so kort varsel. Det fikk vi ikkje tak i, so utlegging av brygger får vi ikkje gjort i helga. Dette må vi ta att når vi får organisert kranbil.

Det er likevel ein del arbeid vi kan byrje på. Det vart derfor kalla inn til ein mindre dugnad i morgon laurdag 8. mai.

Det vi har på lista er:
– Dører. Dørpumpe og låssystem.
– Innfesting til landgang
– Skaffe plank, og starte skifting av dekke på kai og brygger.
– Rydding av skrot og gamalt tauverk etc.

mai 01

Velkomen til Årsmøte i SA Naustdal Båtlag, onsdag 5. mai kl. 19.00, på Kyrkjelydshuset i Naustdal

Årsmøtet kan verte utsett på kort varsel dersom restriksjonar eller smittesituasjonen gjer det umogleg å gjennomføre årsmøtet.

Innkalling årsmøte 2021

Innkalling årsmøte 2021, sakliste med framlegg til vedtak

Årsmelding 2020

Balanserekneskap 2020

Enkel Resultatrapport 2020

Revisjonsmelding for 2020

Styret sitt framlegg til driftsbudsjett med avskrivning 2021

Styret sitt framlegg til investerings- og vedlikehaldsplan 2021

Vel møtt

mar 24

ÅRSMØTET ER UTSETT!

Årsmøtet som skulle vere torsdag 25. mars må utsettast på grunn av nye nasjonale retningsliner.

Nye retningsliner gjeld i første omgang til 19. april. Ny dato vert derfor ikkje sett før etter dette.

mar 11

UTSETT! Velkommen til Årsmøte i SA Naustdal Båtlag, torsdag 25. mars kl. 19.00, på Kyrkjelydshuset i Naustdal

Årsmøtet kan verte utsett på kort varsel dersom restriksjonar eller smittesituasjonen gjer det umogleg å gjennomføre årsmøtet.

Innkalling årsmøte 2021

Innkalling årsmøte 2021, sakliste med framlegg til vedtak
Dessverre manglar det framleis ein pris på sak 19 på sakslista. Denne skal vere på plass før årsmøtet.

Årsmelding 2020

Balanserekneskap 2020

Enkel Resultatrapport 2020

Revisjonsmelding for 2020

Styret sitt framlegg til driftsbudsjett med avskrivning 2021

Styret sitt framlegg til investerings- og vedlikehaldsplan 2021

Vel møtt

okt 30

SA Naustdal Båtlag på Facebook

Snarveg til Facebooksida til båtlaget

okt 30

Protokoll frå årsmøte 2020

Protokoll frå årsmøte 2020

okt 13

Velkommen til Årsmøte i SA Naustdal Båtlag, torsdag 15. oktober kl. 19.00, på Håjen Kafè, Frammarsvika

Innkalling årsmøte 2020

Årsmøte 2020, framlegg til sakliste med framlegg til vedtak

Årsmelding 2019

Resultatrekneskap med balanse 2019

Enkel Resultatrapport 2019

Revisjonsmelding for 2019

Styret sitt framlegg til driftsbudsjett med avskrivning 2020

Styret sitt framlegg til investerings- og vedlikehaldsplan 2020

 

Vel møtt

okt 13

Årsmøte 2020 – 15. oktober kl. 19.00

Det vert årsmøte i SA Naustdal båtlag 15. oktober, klokka 19.00.

Årsmøtet vert halde på Håjen kafè i Frammarsvika.

apr 05

Vatn i båthamna att

No er våren komen, og med våren kjem vatnet! Hamnesjefen har reparert og skrudd på vatnet i båthamna, so no er det klart for vårvask og pussing. Ha ei fin båthelg 🛥

Eldre innlegg «