«

»

jun 15

Dugnad laurdag 19. juni

Det vert dugnad i båthamna laurdag 19. juni kl 09.00.
Hovudoppgåva denne dagen vert å få lagt ut nye flytebrygger.
Vi treng derfor å vere ein del folk for å flytte båtar, brygger og utliggarar.
Vi kjem til å måtte flytte alle båtar som ligg på dei fire bryggene som skal byttast, nærmast land i aust. Har du båt her, set vi pris på om du kan vere med på dette.

Straum og vatn vil verte utkopla i austre hamn i samband med utskiftinga.

Har du stor skiftenøkkel, rørtang, vanpumpetang, etc. hadde det vore kjekt om du kunne teke med dette.

Vêrmeldinga lovar opphaldsvêr, so dette kan verte ei kjekk stund.