«

»

mai 07

Dugnad 8. mai, kl 10.00.

Som omsnakka på årsmøtet vurderte styret å kalle inn til dugnad førstkommande helg for å få lagt ut nye flytebrygger dersom vi fikk tak i kranbil på so kort varsel. Det fikk vi ikkje tak i, so utlegging av brygger får vi ikkje gjort i helga. Dette må vi ta att når vi får organisert kranbil.

Det er likevel ein del arbeid vi kan byrje på. Det vart derfor kalla inn til ein mindre dugnad i morgon laurdag 8. mai.

Det vi har på lista er:
– Dører. Dørpumpe og låssystem.
– Innfesting til landgang
– Skaffe plank, og starte skifting av dekke på kai og brygger.
– Rydding av skrot og gamalt tauverk etc.