«

»

okt 15

Bruk av straum i båthamna

Styret har no kjøpt inn straummålarar som skal nyttast når du har straum tilkobla permanent i båten.

Ta kontakt med hamnesjef John Bendiksen, mobil: 909 69 277, e-post: j-ol-be@online.no, for leige av straummålar.

Du vert fakturert kr 1.000,- for leige av målaren. Beløpet vert betalt attende når du ikkje lengre har
bruk for straummålaren.

Det er no ikkje tillete å nytte permanent landstraum utan straummålar tilkopla. Dette er i samsvar med
vedtak frå siste årsmøte.

Straummålarane vert avleste på våren og forbrukt straum fakturerast saman med dei årlege
innbetalingane til båtlaget.